Informasjon

Mine reseptar

Velkommen til Mine reseptar

  • Kva er Mine reseptar?

    Mine resepter er ei Internett-basert teneste som er eit tilbod frå Direktoratet for e-helse.

    Tenesta gir deg som har fått ein eller fleire elektroniske reseptar (e-reseptar), oversikt over dei aktive reseptane dine, legemiddel/varer du har fått utlevert hos apotek/bandasjist, og talet på utleveringar som eventuelt står att.

    Løysinga omfattar også reseptane til borna mine (0-16 år) og eventuelle fullmakter.

  • Kan alle bruke tenesta?

    Ja, men du må ha en elektronisk ID på høgaste sikringsnivå. Har du ikkje elektronisk ID kan du lese korleis du skaffar deg dette på difi.no.

  • Kvar finn eg meir informasjon om tenesta?

    Du kan lese meir ved å gå til helsenorge.no, eller kontakt oss på e-resepttelefonen 800 HELSE (800 43573).

  • Bruk av informasjonskapsler på mineresepter.no

    Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar.

    Mineresepter.no bruker informasjonskapslar til å betre brukaropplevinga di. Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg, og vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

    Her er ei liste over informasjonskapslane som blir brukte på mineresepter.no, og kva dei blir brukte til:

    • Big-IP blir brukt for å sikre utvekslingar med tenaren vår.
    • JSESSIONID og mrsession sesjonshandtering for tenesta Mine reseptar.
    • Shibboleth, sesjonshandtering for tryggingsmekanismane som vernar tenesta Mine reseptar.

    Dersom du ikkje godtek bruken vår av informasjonskapslar, kan du hindre at slike informasjonskapslar blir lagra, ved å endre innstillingane i nettlesaren. Vi ønskjer å gjere deg merksam på at dette kan føre til at tenestene på nettsidene våre ikkje fungerer optimalt.